Vegen går vidare til Sjurgarden. Her har det vore fleire Sjurar. Den siste, og som eg kjenner til, vart ikkje bonde på garden. Han gjekk skulevegen og tok teologisk embetseksamen.
Han vart ikkje prest, men lærar på vidaregåande skular. Han var særleg flink i matematikk. Sjur tok etternamnet som far hans hadde før han vart gift med jordajenta. Torine i Sjurgarden. Namnet vart Skare. Han som vart ny bonde var Olav, broren, som då vart kalla Sjur-Ola. Eg hugsar både Sjur-Syver og kona hans Torine.
Eg har nokre minne om Sjur-Ola. Ein haustdag hadde Ola bruk for litt hjelp. Han hadde ikkje fått heim alle sauene, og der var ikkje andre folk på garden som kunne hjelpe han med å finne sauene. Det var eg som vart med til fjells. Vi gjekk eit godt stykke og hadde mål om å gå til eit område han meinte sauene måtte vere. Eg hugsar ikkje om vi fann sauene og eg har heller ingen å spørje om dette i dag.
Eit anna minne var då eg mange år seinare fekk bruk for litt hjelp med å sage nokre store stokkar på gardssaga, som Ola eigde saman med eit anna bruk. Ola var viljug til å hjelpe. Det vart litt strev, men vi fekk det til. Materialen vart nytta til huset som skulle byggjast på Sunndalsfolla. Sjur-Ola var då omlag 70 år.
Noko anna eg hugsar var at han gjerne brukte ei trillebår når han skulle frakte noko som ikkje var så omfangsrikt. Det var før han fekk seg traktor. Elles var det ofte han spurde meg om kva tid Bjørnson og Ibsen vart fødde. Han hadde også ein vane med å legge til «du» til spørsmål han stilte. » He du fått dej sagemåd, du?» Sagemåd var det same som sagemask, eit biprodukt når ein saga. Sagemask hadde ein under kyrne i fjøsen.