Velg en side

Vi vandrar vidare frå Skreddargarden, går over Svaragrovbrua og er snart i Myra. Over oss mot høgre ser vi ein stor hammar. Under den hammaren er der ei hole og ein mørk mystisk gang. Som smågutar var vi fascinert av denne grotta som heiter Ruskjen. Kanskje ein fredlaus har halde til der for lenge sidan. Vi skal ikkje dit, men til Myra. Dette vesle bruket som vart til på slutten av 1800-talet.

Myra høyrer til Nøre- Kalvatn. Gardbrukaren  var Myr-Eljas eller  Myren, men han heitte sjølvsagt Elias. Eg hugsar såvidt den gamle løebygninga som visstnok var flytta frå eit nedlagt bruk. Bustadhuset var det bestefaren til Elias som bygde. Elias var mykje borte frå bruket. Han var på sildearbeid i Ålesund i peri0der. Elias var omgjengeleg og hjelpsam, men framfor alt var han framtøk. Han byrja med turisme, bygde på huset og etablerte kafe. Det var særleg tyskerar som kom og budde i hytter han fekk sett opp. Det vart også bensinpumpe og litt service ved vegen.  Gardsdrifta vart ikkje forsømd. Eg kan ikkje hugse at her var sauer, men han hadde ei tid geiter. Myra vart også ein samlingsplass, særleg for ungdomen i. Eg har tidlegare nemnt Larense. Ho heitte sjølvsagt Laurentse, og ho var mor til Elias. Eg hugsar også mora til Laurentse, Marja, som eigenleg heitte Marie.  Ho var senge-liggjande. Ho vart kalla Vika-Marja for ho hadde tidlegare budd i Kalvatsvika, men no vart ho pleia av mor si i Myra. Eg var ofte i Myra for å vere saman med Ivar, yngste barnet til Elias og kona hans, Tea.