Vi er komne til Klåregarden og Klåre- Erik den eldre. Hugsar at han rusla etter vegen. Ein gong på vandringa si, kom han inn på kjøkenet i Myra. Eg var der den dagen og skulle treffe ein kamerat som budde der. Bestemora hans, ho Larense. var der. Erik gjekk bort til ein spegel og greidde seg i dei sparsame håra på hovudet. Det var vel ikkje noko rart det, men Larense blunka til meg.Minnest ikkje meir frå den dagen. Larense hadde mist mannen sin for mange å sidan. Erik var enkjemann, men eg tvilar på at han gjekk på friarføter.
I Skreddargarden budde Nils Larsen, i daglegtale Skreddar- Nils. Han var slett ikkje skreddar, men vegvaktar, Han hadde ansvar for det dagleg vegvedlikehaldet i bygda. Han gjekk rundt med spade eller annan tenleg reiskap og stelte med det som då sjølvsagt var ein grusveg. Det var få bilar i bygda fram til 1960, nokre få personbilar og ein lastebil. Lastebilen var det Hjalmar som budde i Jakobgarden, som eigde. Broren hans, Jakob, hadde drosje.
,